Innfører medarbeidarundersøkelsen «10-Faktor»

KS gir Stryn kommune kr 190.000 i tilskot til konsulenttenester i høve ny medarbeidarundersøking.

Stryn kommune Kommunen sin største arbeidsplass skal igjennom medarbeidarundersøkelsen «10-Faktor»Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Stryn kommune får kr 190.000 kroner i opplysnings – og utviklingsmidlar for innføring av medarbeidarundersøkelsen 10-Faktor. Dette er ein forskingsbasert medarbeiderundersøkelse som er utvikla av Kommunenes Sentralforbund (KS) sjølve og Kommuneforlaget.

Ifølge KS er modellen tilpassa norske kommunar, fylkeskommunar, kommunale føretak og andre organisasjonar, og bygger på forsking om kva som er viktige innsatsfaktorar for å oppnå gode resultat. KS skriv at det er viktig å vise tilsette at 10-Faktor er ein annleis medarbeiderundersøking som vil bli følgt opp og vere enkelt for alle tilsette å gjennomføre.

– 10-Faktor må bli ein del av annan utviklingsarbeid for å vise samanheng og nytteverdi, skriv KS sjølve om undersøkinga.

– Målet har vore å samle kunnskap om kommunesektoren sine erfaringar med 10-Faktor som kan nyttast i vidare utvikling av kunnskap og verktøy for kommunesektoren, skriv KS.