Melheim-brørne på landslagssamling

Mathias Melheim (t.v.) og veslebroren Steffen er begge på landslagssamling i helga.Foto: Roy Aron Myklebust/ Anne-Mari Aalberg

Nyhende

I helga er Mathias og Steffen Melheim frå Olden IL innkalla til landslagssamling i kast på Toppidrettssenteret i Oslo.

Mathias er fast på rekrutteringslandslaget, som omfattar lovande utøvarar i alderen 16-22 år. Bror Steffen er eitt år for ung, men er kalla inn til samlinga som hospitant på grunnlag av sine sterke resultat i diskos og kule i 2017.

Steffen Melheim slo i fjor mellom anna den 42 år gamle krinsrekorden for sin aldersklasse i diskos. Han kasta den 1 kilo tunge diskosen 54 meter og 38 centimeter, noko som er 14 centimeter lengre enn Aage Indrebø sitt kast i 1975. Kastet var også berre 84 centimeter kortare enn den norske aldersrekorden som vart sett heilt tilbake i 1972.