Stryn møter Voss

Møter Voss Jenny Vik Skrede og Stryn møter Voss til viktig kamp i helga.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Stryn sitt unge 3. divisjonslag i handball for damer møter Voss til kamp i Strynehallen i ettermiddag.

Heimelaget har fått eit oppsving etter to tap i sesonginnleiinga. Det omvende oppgjeret på Voss enda med strynesiger 30-25, noko som var damene sin første siger for sesongen.

Damelaget står med seks poeng så langt, men fleire av poengtapa har vore av den sure sorten. Med litt meir flaks og dyktigheit kunne laget hatt endå fleire poeng i divisjonen som har vist seg å vere jamn.

Stryn har tre heimekampar på rad i januar, og med utteljing i eit par av dei bør ein plass på øvre halvdel av tabellen vere innan rekkevidde.