3.div damer: Stryn-Voss 32-25 (16-11)Stryn sine handballdamer tok ein viktig siger 32 - 25 mot tabellnabo Voss heime i Stryn laurdag. Ivana Kresic og lagvenninnene drog i frå mot slutten av 1.omgang og dei første 20 minutta av 2.omgang.

Sigeren sender Stryn opp på femteplass på tabellen.

Ivana Kresic scora sju mål og vart kåra til Stryn sin beste spelar. Sju mål scora og Maria Thaule. Christine Tøsse Humborstad sette inn fem nettkjenningar.