40 år gammal treningsresept

Dei møtes kvar onsdag til si faste treningsøkt i gymsalen i Bø. For nokre har det vore slik i over førti år.

Sprekingar Fleire av desse karane har vore med på herretrimmen, eller gubbetrimmen som den også vert kalla, i fleire tiår. Dei vil svært gjerne ha selskap av fleire på treningane -både kvinner og menn. Her er det låg gange for styrking av lår- og beinmuskulaturen. Mange av øvingane fokuserer på styrke og balanse. I tillegg står tøying av heile kroppen sentralt på onsdagsøkta.Foto: Roy Aron Myklebust

Tøy og bøy F.v.: Gullbrand Tonning, Asbjørn Gald, Yngve Almenning, Arnt Gald, Per Kristian Storevik og Peder Verlo.Foto: Roy Aron Myklebust

Kaptein Tonning Gullbrand Tonning er ein av dei som har vore med lengst og leier an i øvingane. Opplegget er meir eller mindre likt som i starten med oppvarming, gymnastikk og avsluttande volleyballspel.Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Vi kallar det vel herretrimmen, men blir også kalla gubbetrimmen, smiler Gullbrand Tonning. Han må kunne kallast kapteinen på laget. Han har vore med i over førti år, og er den som leier an på treningane. Medan gruppestorleik og medlemmar har endra seg i åras løp, har treningsopplegget halde seg mykje likt i følgje karane.

– Vi varmar opp med å springe fram og tilbake i salen. Vi er slutta med å springe rundt, det vart for vondt for hofta, seier Tonning, til latter frå dei andre fem som har møtt opp.

– Så er det gymnastikk ute på golvet og i ribbeveggen. Slikt som er blitt moderne att å drive med. Forskjellen er at vi aldri har slutta med det, humrar dei.

Etter ein liten time med oppvarming, tøy, bøy og styrke er det fast avslutning med volleyball. Her saknar dei damene.

– Ja, for ein del år sidan brukte det å kome ein gjeng mot slutten av økta for å vere med på volleyballen. Vi saknar dei, slår karane fast.

– Har tru på at det er sundt

I det heile kunne dei godt tenkje seg meir selskap.

– Det er jo luksus med desse lokalitetane når vi ikkje er fleire, seier Asbjørn Gald. I dag er dei seks, og det er gjerne 6-8 som er det vanlege oppmøtet. Fleire har kome og gått, og på det meste var dei ein fast gjeng på nærare tjue. Men det er ei stund sidan. Alderen spenner frå 64 til 76, så litt rekruttering hadde ikkje gjort noko.

– Her må alle som vil kome, det er ingen aldersgrense, korkje oppover eller nedover.

Motivasjonen for å møtes, veke etter veke og år etter år, er både det sosiale og det helsemessige.

– Vi har no tru på at det skal vere sundt, smiler Per Kristian Storevik -yngstemann i flokken.

– Det gjere veldig godt. Vi merkar når vi har vore vekke frå det ei tid, seier Arnt Gald.

– Ja, vi kjenner at det er litt tyngre i dag med første treninga etter jul, skyt Tonning inn.

Dei fortel at i tillegg til den faste onsdagstrimmen har dei også turar ute i skog og mark både tysdag og torsdag.

– Då går vi ofte frå skisenteret til Røde Kors hytta, vidare til Holsetra, ned til Tonningsetra, tilbake til Røde Kors hytta og ned att til skisenteret. Omlag ei mil, fortel Tonning.

– Men tida på turane vil avhenge av kor mange vi møter på vegen, for vi må prate med alle, ler Storevik.