Fjordingen set søkjelys på utvekslingselevar:

Frå Milano til Utvik

Med «søsken»: Alice (i midten) med Reany t.v., som studerer i Førde no, og Joya.Foto: Silje Fløtre Reed

Nyhende

Namn: Alice Segato

Bustad: Utvik

Skule: Stryn vidaregåande skule

Saknar: Familie, vener, maten og byen min

Alice Segato frå Milano i Italia bur dette året i Utvik medan ho går i andre klasse på Stryn vidaregåande skule.

– For nokre år sidan blei eg forelska i Norge, sjølv om eg aldri hadde vore her. Eg ville gjerne bu i Norge i framtida, og Ålesund var favorittplassen. Eg er veldig heldig ettersom det ikkje er så langt herifrå, og ønsker å besøke byen så fort som mogeleg, seier Alice.

– Då eg skulle velje land å vere utvekslingsstudent i, verka alt så langt vekke, men eg fann ut at eg ville til Norge i staden for eit engelsktalande land som dei fleste andre utvekslingsstudentar vel, fortel ho.

Alice med familien Mekke, hennar «norske familie»: Frå venstre: Esmee, Kylian, Alice, Joya, Dainty og Theo.Foto: Silje Fløtre Reed

Berg – og dalbane

Alice er veldig fornøgd med valet sitt, og håpar verkeleg å få oppleve landet. Dei første dagane hennar i Norge beskriv ho som ei «berg- og dalbane», alt var nytt og annleis og ho er framleis ikkje vand med alt enno.

Ho møtte på ein ny kultur, nytt språk, nye folk, ein ny plass og ny mat, og alt dette heilt åleine. Kun to dagar etter ho kom til Norge begynte skulen.

Dei første to vekene var Alice for det meste åleine, og snakka omtrent med ingen. På grunn av språket var det vanskeleg å finne vener og folk å snakke med. Heldigvis vart Alice god venn med ein gjeng på fire jenter frå Stryn.

– Eg er veldig takknemleg for at eg har dei i livet mitt, seier ho.

Milano

Alice har aldri vore så langt heimanfrå og synest akkurat dette er vanskeleg. Ho saknar venene sine, språket, måltida og dei fine samtalane ho hadde med familie og vener i Italia.

– Eg saknar nok mest maten. Italienske folk verkeleg elskar italiensk mat. Eg saknar òg Milano, eg saknar kor levande byen er, elegansen, stoltheita og visdomen.

Brunost og makrell i tomat

Maten i Norge meiner Alice er OK, men brunost og makrell i tomat er favoritten. Ho har også smakt smalehove og salmatunge, og syntest det var godt. I Utvik bur Alice med ein familie frå Nederland som har budd i Norge i ni år. Dei har fire born, to hundar og ei kanin.

– Dei bur i eit utruleg norsk og raudt trehus, seier Alice til Fjordingen.

Den største forskjellen mellom Norge og Italia meiner ho må vere storleiken på plassane ho bur på. Milano er den nest største byen i Italia, og ho er derfor vand med eit storbyliv. I Utvik er det masse fritt landskap omgjeve av natur.

– Avstanden mellom plassane er også ganske forskjellig, her må du alltid køyre bil om du skal noko. Måltida er ganske forskjellige frå kva eg er vand med. Middag i Italia er mellom åtte og ni om kvelden, seier ho.

Annleis skulesystem

Alice synest skulen i Norge er mykje enklare enn i Italia og meiner studentane i Stryn verkar mindre stressa. Forholda mellom elev og lærer er også noko Alice har merka skilnad på. I Italia må du snakke til lærarane på ein formell måte og du bruker kun etternamnet deira.

Når Alice ikkje går på skule brukar ho som regel fritida si med familien i Utvik eller er med vener. Dei spelar kortspel, ser filmar, strikkar, går på tur, målar eller berre snakkar.

Beste opplevinga hittil

– Den beste opplevinga hittil må vere ein ettermiddag eg hadde med søstera mi, Joya, ei av dei første helgane eg var her. Vi stod på rulleskøyter langs fjorden, og det var ei utruleg oppleving for meg som er vand med gater med masse bilar og gangfelt fylte med folk. Der var det berre meg, ho, himmelen, trea og fjorden. Vi hadde det ekstremt morosamt og eg lærte mange nye ord. Då vi kom tilbake grilla vi med resten av familien. Himmelen var nydeleg, og med elden framfor meg og fjorden ved sidan av var det som i ein draum!