Fjordingen for 10 år sidan:

Postsjef i Afghanistan

Nok å gjere: Arnt Bøe, postmeister i Afghanistan, fekk nok å gjere då juleposten byrja å kome. Foto: Nils Gjerstad

Nyhende

Fjordingen for 10 år sidan:

Det er torsdag ettermiddag i Mazar-el-Sharif. Ein postbil parkerer ved eit bygg i utkanten av leiren. 300 soldatar har basen sin her. Ut frå ei støvete brakke kjem Arnt Bøe frå Stryn springande. Som den einaste tilsette ved postkontoret i Mazar-el-Sharif har han ein lang dag framfor seg.

–No som juleposten kjem er det nok litt ekstra å gjere, fortel han.

Bøe seier han reiste til Afghanistan for å få eit avbrekk frå den jobben han elles gjer.

– Det å vere postmann i felten er meir gjevande fordi kundane viser meir å setje pris på jobben ein gjer. Dei er glade berre for å få post, seier han.

På veggen på kontoret dominerer ein plakat med motiv frå Stryn og Nordfjord. Slikt kan gje lengt heim!

– Heime er eg glad i å gå lange turar i skog og mark, det er noko av det eg saknar. I forhold til tryggleiksrutinar blir det vanskeleg å få gått turar utanfor leiren! seier han og kikar lengselsfullt mot dei majestetiske fjella i horisonten.