Lensmann skremd av korleis gutegjeng klarte å svindle:

Ber foreldre vere obs

Foreldre må følgje med: – Det er viktig at foreldre er obs og stiller spørsmål til ungane, seier regionlensmann Tormod Hvattum.Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Tenåringane kjøpte kredittkortopplysningar frå ein russisk nettstad og klarte å handle datautstyr for titusenvis av kroner.

– Det er skremmande at kredittkort kan bli misbrukt slikt. Det er viktig at foreldre er obs og stiller spørsmål til ungane. Oppdagar ein at det kjem dyre varer inn i heimen, må foreldre stille spørsmål om korleis varene er finansiert.

Det seier regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord etter avsløring om kredittkort-svindelen som politiet i Eid og Stryn har etterforska siste tida.

Korteigarar frå heile landet

Ein tenåringsgjeng i Eid kjøpte opplysningar om norske kredittkort på ein russisk nettstad. Opplysningane nytta dei til å handle data- og elektronikkutstyr for mange titusen kroner. Opplysningar frå kredittkorteigarar i heile landet er på denne måten blitt misbrukt.

Fire tenåringar, alle over 15 år, er mistenkte.

– Vi reknar saka som oppklart, og etterforskinga er i grove trekk ferdig. Dei fleste har tilstått, men vi er ikkje ferdig å avhøyre alle enno, seier Hvattum til Sunnmørsposten.

– Kven er blitt svindla?

– Det er eit godt spørsmål. Dei som eig korta gutane har kjøpt opplysningar om, har fått belasta korta, men det er eit spørsmål om dei har fått dekt tapa av banken. Dei som har levert varene har fått betalt, seier Hvattum.

Samla har gutane klart å skaffe seg datautstyr for titusenvis av kroner ved hjelp av denne metoden. Politiet i Nordfjord hadde ikkje høyrt om liknande svindel tidlegare. Dei har orientert Kripos om saka, men Hvattum veit ikkje om dette er ein type svindel som Kripos er kjend med frå før.

Saka blei oppdaga gjennom det Hvattum kallar «politiets etterforskingsmetodar».

Gutane skal ifølgje Hvattum i hovudsak ikkje ha datakunnskap ut over det som er vanleg for ungdom. Dei har søkt på nettet og kome over metoden. Og dei skal ha betalt for å få opplysningane frå den russiske nettsida.

Ungdommane angrar

Ungdommane kan vente seg ein straffereaksjon.– Vi er nøgde med at vi fekk stoppa dette på eit tidleg tidspunkt, slik at det ikkje utvikla seg meir, seier Hvattum.

Ifølgje Fjordenes Tidende, som først skreiv om saka, er gutane prega av anger og skjønar at dette var dumt gjort.