"Minibanksaka" frå Stryn vart den mest leste saka i Politiforum i 2017

Rulla opp stor sak: Politibetjentane Eirik Krossen t.v. og Vegard Dale under etterforskinga av minibankinnbrotet i Stryn som viste seg å vere del av ei større internasjonal sak. Foto: Bengt Flaten  Foto: Bengt Flaten

Helt til et lite lensmannskontor i Sogn og Fjordane klarte det – nettopp det politiet i en rekke europeiske land ikke fikk til

Frå Politiforum
Nyhende

Saka om rumenarane som skulle tømme minibankar over heile Norge men vart stansa av politiet i Stryn, vart den mest leste saka på Politiforum i 2017.

«Stryn sentrum ligger øde. Det er natt til torsdag 23. februar, og lett snødrev i lufta. Politibetjent Vegard Dale, praksisstudent Lars Kristian Reknes og en tredje politibetjent har reservetjeneste. De skal snart bli vekket. For noen kriminelle har kommet seg unna politiet og lovens lange arm.

Helt til et lite lensmannskontor i Sogn og Fjordane klarte det – nettopp det politiet i en rekke europeiske land ikke fikk til.

Dette førte også til at saken i Politiforum er den mest leste i løpet av hele 2017» skriv Politiforum på sine nettsider.

Også ut over landegrensene

For politiet i Stryn greidde ikkje berre å ta dei tre karane som hadde gjort innbrotsforsøk i minibanken til Sparebanken Vest i Stryn sentrum.

Etter kvart som saka vart rulla opp kom også mistanken om at dei hadde stått bak liknande innbrot i minibankar fleire stader i landet.

Saka auka deretter i dimensjon til også å strekkje seg ut over landegrensene.

Med Datakrim til Europol

Politibetjent Vegard Dale frå Stryn og Hornindal lensmannskontor reiste saman med kollegaer frå Datakrim i Kripos og påtalemakta i Florø til Haag og møtte politi frå seks andre europeiske land tysdag.

Møtet var lagt til Europol sitt hovudkontor.

– Alle landa presenterte saker med foto og framgangsmåte. Med små nyansar viste presentasjonane at minibankinnbrota i dei ulike landa følgjer same framgangsmåte, fortalde Dale til Fjordingen.

Skal opp i retten i februar

Innbrotssaka frå Stryn er no ferdig etterforska og skal opp i Sogn og Fjordane Tingrett. Det er sett av fem dagar til saka, som startar den 26. februar.