Motiverande landslagssamling

Mathias Melheim (t.v.) og bror Steffen deltok i helga på samling med rekrutteringslandslaget i kast. I midten ser vi ansvarleg for laget, Thomas Rosvold.Foto: Privat

Nyhende

I helga var brørne Mathias og Steffen Melheim frå Olden på samling med rekrutteringslandslaget i kast. Mathias (18) er fast medlem her, medan Steffen (14) fekk stille som hospitant med bakgrunn i sine svært sterke resultat førre sesong. Rekrutteringslandslaget er i utgangspunktet for dei beste kastarane i landet mellom 16 og 25 år.

- Det er alltid kjekt å samlast med kastgjengen, og sjå utviklinga i gruppa, seier Mathias Melheim. Han fortel om godt nivå og høge ambisjonar blant dei som er med.

- Kastgruppa har dei siste åra vore den beste gruppa, med flest deltakarar og medaljistar i internasjonale mesterskap, og har som mål at alle på laget skal kunne kvalifisere seg til internasjonale mesterskap innan to år. Så at ein får vere med her er både veldig kjekt og motiverande for vidare satsing, seier den høgreiste kule- og diskoskastaren.

Imponerte med gode testar

På samlingane brukar dei fast å gjennomføre testar for 40 meter, stille lengde og liakov (bakoverkast med kule) for å følgje med på utviklinga. Denne gongen måtte eldstebror Melheim stå over grunna ein vond akilles, men Steffen imponerte med sine resultat.

- Testane hans var på nivå med kastarar som er både eitt og to år eldre, skryt storebror.

Og hospiteringa gav meirsmak for Steffen.

- Det var stas å få treffe og trene med dei beste kastarane i Norge, seier 14-åringen.