Søkjer utviklingsmidlar til Hjelle

Stryn kommune søkjer tilskot til å utvikle Hjelle som tettstad.

Hjelle Kommunen har søkt om tilskot til tettstadsutvikling av Hjelle. Foto: Roger Oldeide

Nyhende

I høve kommunedelplanen for Oppstryn har Stryn kommune søkt fylkeskommunen om eit tilskot på kr 250.000 i «tettstadutvikling». Planprogrammet for Oppstryn er på høyring og tettstadutvikling er eit av føremåla med planen.

Stryn kommune skriv at Oppstryn enno ikkje har eit tydeleg sentrum eller tettstad.

– Hjelle og Fosnes er likevel dei to stadane som har preg av ein tettstad, skriv plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal i søknaden. Han legg vekt på at det har vore ein aukande etterspørsel etter areal til bustadbygging i Oppstryn der fleire unge i etableringsfasen ønskjer tilgang på tomter.