Vil ha med Stryn og Hornindal i reiselivsprosjekt

Sykkylven Næringsutvikling har søkt både Stryn og Hornindal om å ta del i reiselivsprosjekt.

Grodås Designvegen går frå Sykkylven til Stranda, Hellesylt og vidare til Grodås og Stryn.Foto: privat

Nyhende

Reiselivsprosjektet «Designvegen» er alt presentert for leiinga i Stryn kommune og Sykkylven Næringsutvikling AS har no søkt kommunen om kr 90.000 i støtte fordelt over tre år.

– «Designvegen» vil skape aktivitetar som kan vere med å utvikle reiselivsbransjen vidare og promotere næringslivet langs fv. 60 frå Aursnes til Stryn med alle dei positive synergiane dette vil kunne gi, skriv leiar i Sykkylven Næringsutvikling AS, Jarle Strømmegjerde i søknaden.

I tillegg til prosjektleiar i full stilling, vil det verte oppretta ei styringsgruppe med representantar frå alle kommunane som skal utvikle «Designvegen» som ein ny inngangsport til området, går det fram av søknaden.

– Pengane vil gå til organisering og tilrettelegging for næringslivet i Stryn Kommune i den treårige prosjektfasen til 2020. Tilsvarande søknad er sendt Hornindal-, Stranda og Volda kommune, samt fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.