Begge fekk seie sitt om grensejusteringa

Stryn og Hornindal hadde møter med departementet. Det er venta snarleg avgjerd i grensespørsmålet.

Snart kjem endeleg avklaring Det er innan kort tid venta ei endeleg avklaring frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet på kvar kommunegrensa mellom Stryn og Hornindal skal gå frå 2020. Tilrådinga frå Fylkesmannen er at denne vert flytta til Kjøshammaren. Foto: Steinar Lødøen

Torsdagsmøte Sven Flo og Stryn var først ute i møta med Paul Chaffey i grensejusteringsspørsmålet. Flo møtte statssekretæren torsdag. Foto: Kommunal og moderniseringsdepartementet

Fredag var det Fride Sortehaug, varaordførar i Volda, og hornindalordførar Stig Olav Lødemel sin tur.Foto: Kommunal og moderniseringsdepartementet

Nyhende

Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, seier seg nøgd etter møtet fredag med statssekretær Paul Chaffey (H). Han valde å bruke mykje tid på gjennomgang av kart og setje statssekretæren inn i dei geografiske forholda i området for den aktuelle grensejusteringa.

Han oppfatta Chaffey som oppteken av å opplyse seg i saka, og lytta interessert til det som vart presentert.

– Det er mange slike saker i desse tider. Av og til går dei imot fylkesmannen si tilråding og av og til imot folkemeininga, seier Lødemel.

Også varaordførar i Volda, Fride Sortehaug, deltok.

– Vi såg det som naturleg at vi var med, sidan dette vedkjem den nye kommunen, seier ho.

– I det politiske miljøet i Volda er dette ei viktig sak som får følgjer for den nye kommunen og korleis vi byggjer organisasjonen.

– Kva kan bli konsekvensane dersom tilrådinga står seg?

– Det kan nok påverke tenestetilbodet, seier Sortehaug.

Funksjonell grense

Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), møtte statssekretæren dagen før. Han opplevde at det var eit lydhøyrt og godt budd departement som møtte han og representantane frå Stryn.

– Det var tydeleg at dei hadde lese seg godt opp på alle dokument i saka. Det merka vi også på spørsmålsstillinga, seier Flo.

Til liks med Hornindal var det viktig for Flo å fokusere på geografien i området. At det blir ei framtidig fylkesgrense meiner Flo set krav til at fleire element blir vektlagt i saka.

– Skal vi snakke om ei framtidig funksjonell grense, noko også departementet er oppteken av, så må ein sjå på den optimale løysinga. Det kjem ei fylkesgrense, den vil vere markant. Her risikerer ein å få funksjonar som vil vere delt i to regionar. Det vil kunne påverke planarbeid, fylkeskommunale tenester, Statens vegvesen og anna. Det er mange ting vi ryddar opp i ved ei grensejustering, seier han.

Ordføraren i Stryn har vanskeleg for å sjå føre seg at utfallet vil bli annleis enn tilrådinga frå Fylkesmannen.

– Det som ligg på bordet frå Fylkesmannen er klart og godt underbygd. Eg ser ikkje heilt korleis dei skal forsvare å gjere noko anna. Det vil vere oppsiktsvekkjande.

 –Jobbar for rask avklaring

Statssekretæren signaliserer at dei vil satse på kjapp avklaring i grensejusteringsspørsmålet.

– Meldinga var at dei no ønskjer lese seg opp på informasjonen som vart gitt og kome med eit svar relativt kjapt, seier Stig Olav Lødemel.

– Dei vil ikkje bruke meir tid enn nødvendig, og eg er sikker på at vi snakkar heller veker enn månader i alle fall.

I kontakt med Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønskjer dei ikkje å vere konkrete på tidspunkt, men gjentek meldinga dei har gitt dei to kommunane.

– Vi vil jobbe for ei rask avklaring av grensejusteringsspørsmålet. Formålet med møta var å lytte til kommunane sine synspunkt i saka. Dette gjer vi i tillegg til ei grundig sakshandsaming der fylkesmannen si tilråding er ein del av saka, svarar departementet.