Dagens leiarartikkel

Historiske Anders

Anders Fannemel er historisk ved å vere første skihopparen frå Sogn og Fjordane som har klatra på pallen i den tysk-austerrikske hoppveka.Foto: TADEUSZ MIECZYNSKI

Å vinne og å kome på pallen i hoppveka heng særs høgt blant alle skihopparar

Nyhende

Anders Fannemel er den første hopparen frå Sogn og Fjordane nokon sinne som har klatra opp på pallen i den tysk-austerrikske hoppveka. Både i enkeltrenn og i samandraget. Innsatsen Anders leverte gjennom dei fire renna i romjula og på nyåret er ikkje berre historisk i heimfylket, men er og med på å stadfeste Norge sin posisjon i verdscupsirkuset.

Å vinne og å kome på pallen i hoppveka heng særs høgt blant alle skihopparar. Den tysk-austerrikske hoppveka er eitt av verdas største årlege vintersportsarrangement med enorm publikumsoppslutning, enorme sjåartal på TV og tilsvarande prestisje å prestere i. At renna har ein nær 70 år lang historie, bidreg sjølvsagt til totalopplevinga både for utøvarar og publikum.

Anders Fannemel hadde ein tung sesong førre vinter, og har brukt sommaren og hausten til å kome seg tilbake dit han høyrer heime; blant dei aller beste hopparane i verda. Måten han har gjort det på, er imponerande. Vi fekk sjå at honndølen er tilbake på vinnarsporet tidlegare i vinter då han vann verdscuprennet i Engelberg, og hadde difor håp om at han kunne hevde seg heilt i toppen både i enkeltrenn og i samandraget i hoppveka.

Medan han blant fleire nasjonale media «gjekk under radaren», som NRK uttrykte det, såg vi kva han leverte frå omgang til omgang og frå renn til renn. Når Anders Fannemel leverer stabilt og seier han kosar seg i bakken, då veit vi at han kan hevde seg blant dei aller beste.

Difor var det ein stor augneblink å sjå laurdag kveld, då støtteapparatet på hopplandslaget bar Anders på gullstol etter 2. plassen i avslutningsrennet og ikkje minst 3. plassen i samandraget. Den heideren og opplevinga fortente han. Hoppveka samla sett gav to pallplasseringar for Anders: 3. plass i nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen og 2. plass i avslutningsrennet i Bischofshofen laurdag. I tre av dei fire renna var han beste nordmann og han var einaste nordmann med to pallplasseringar.

Gratulerer, Anders! No vonar vi formen held dei neste vekene, og ser fram både til VM i skiflyging og OL.