Lesarinnlegg

Kommune med slagkraft

Kjetil Grodås Foto: Bengt Flaten (arkiv)

Nyhende

Samhandlingsreforma viser meir og meir sitt sanne ansikt og ein ser meir for kvar dag som går korleis den vil påverke framtida. Enkelte kommunar har blitt einige om framtidig samarbeid, andre sit fortsatt på gjerdet og ventar medan andre er usikre på om alternativa dei sit med er riktige. Dessverre har enkelte bygder, grender, innbyggjarar og nabolag havna i uvenskap. Ueinigheit om kva kommune og fylke dei skal høyre til er mykje årsak til dette. Når argument som hjorteforvaltning og kvar vegar skal gå vert vektlagt framfor kva fastbuande i aktuelle berørte område meiner i spørsmål om grensejustering, kan ein verkeleg begynne å lure på om dette er intensjonen med reforma.

Dersom reforma skal ha sin rett, må ein ta dette til eit heilt anna nivå og sjå på samanslåing av kommunar i ein større skala. Slik vi ligg geografisk bør Stryn, Hornindal, Volda, Ørsta og Stranda umiddelbart gå i dialog for å sjå på alternativ å danne ei STORKOMMUNE med skikkeleg slagkraft. Dette er kommunar som samla er veldig sterke på landbruk, næring, helse og omsorg, sjukehus, samferdsle, flyplass, skule, utdanning og ikkje minst turisme, både sommar og vinter. Eg meiner ein vil ha mange fordelar av å stå samla:

- Storkommunen ligg inni fantastisk fjellandskap mellom Nordfjord og Storfjord med sine mange cruiseanløp, bussgrupper og uendelege tilbod til reisande turistar.

- Moderne gondolar, alpinanlegg, preparerte skiløyper og vinterkledde fjell for toppturar er her mykje å hente også på vinterturisme.

- Kort reiseavstand til offentlege tenester innan helse og omsorg, skule og barnehage. Dette er tenester der ein fysisk må møte medan andre offentlege tenester som NAV, byggesøknadar, tilskotsordningar m.m stort sett går via internett og elektroniske skjema i framtida.

- Med sterke aktørar innan næring og samferdsle vil ein ha stor oppslutning om oppgradering av fv 60 og Strynefjellsvegen med kobling mot Geiranger. Ein stiller samla i Møre og Romsdal sterkare til prioritering av veg-midlar kontra å la Strynefjellet ligge klistra opp i eit hjørne i ”Vestlandsfylket” og kjempe mot andre fjellovergangar lenger sør som eksempelvis Hardangervidda, Filefjell og Hemsedal. Sjølv om dette er riksveg, har eg vanskelig for å sjå at det er politisk vilje i Hordaland, Sunnfjord og Sogn til å prioritere midlar til Strynefjellet framfor alternativa som nevnt.

- Nærleik til sjukehus, høgskule, vidaregåande skule med mange studieretningar og flyplass.

Det er mykje som kan nevnast, men eg stopper der. Ein må hugse på at vi i framtida vil ha større tilknytting nordover enn sørover. Eg håpar at Stryn blir med nordover, at dei andre kommunane eg nevner er villige til dialog og at dette ikkje er eit alternativ som aldri vert diskutert.

Det blir gjort statlege undersøkingar om kva som er landets beste kommune å bu i. Fleire av kommunane eg nevner ligg høgt oppe på den lista og då bør det vere stor sjanse for at ingen slår oss dersom vi slår oss saman.


Kjetil Grodås