Fjordingen for 10 år sidan:

Stor glede då Leon kom heim

Rørande: Rørande gjensynsglede då Leon vart gjenforent med Liv og Sigbjørn Verhaug. Foto: Inge Fænn

Nyhende

Gleda var stor då Liv Verhaug kunne slå armane kring Leon etter åtte døgn i uvisse. Hunden som vart skræmd til fjells av nyttårsrakettane vart henta trygt ned frå fjellet i går. Redningsmann Eivind Brendrup Petersen og Norsk Luftambulanse gjennomførde ei glimrande øving i Oldedalen. Det var knapt skikkeleg lyst då redningsmann Eivind Bredrup Petersen løyste seg frå redninglina og gjekk inn på fjellhylla til Leon. I lomma hadde han brødskiver frå kjøkkenet til Liv Verhaug. Dei to på fjellhylla fekk ein halvtime for seg sjølv før helikopteret vende tilbake, og Bredrup Petersen festa seg til lina saman med hunden. Eit lite rykk og dei svevde tett saman utover dalen. Einaste teikn på at han har vore i fjellet der geitene streifar om sommaren, var skarp geitelukt frå den mjuke pelsen, men det var det ingen som brydde seg om.

– Bygdefolket fortener stor takk for måten dei har stilt opp på, og ei spesiell takk til redningsfolka. Utan deira hjelp hadde vi aldri fått Leon tilbake, seier dei to eigarane.