Det blir eit spennande år for Josefine

TV-debuten i NRK-dramaserien Heimebane nærmar seg med stormsteg for vår lokale skodespelar.

Gjennombrot Skodespelar Josefine Agathe Hove får sitt definitive gjennombrot når ho denne våren spelar ei sentral rolle i NRK-dramaserien Heimebane. Det er allereie ein sesong to under planlegging der Hove har fått lovnad om å vere med. 25-åringen stod på farten tilbake til studiar i England då vi besøkte henne heime i Jutedalen. Drosjesjåføren venta tålmodig. Foto: Roy Aron Myklebust

Skryt Hove saman med ein av regissørane i serien, Cecilie Mosli. – Josefine tok oss med storm, seier regissøren med bl.a. Greys anatomy og Mammon på CV’en. Foto: Privat

The end Siste scena til Sissel Renate er spela inn, men det skulle vise seg berre å vere førebels. Sesong to er under planlegging. Her ser vi Josefine saman med innspelingsleiar Hans Omsted (t.v.) og regissør Stian Kristiansen.Foto: Privat

Sissel Renate Josefine Agathe Hove i rolla som Sissel Renate.Foto: NRK

Frå innspelinga På tribuneplass i Ulsteinvik med vennegjengen. Foto: NRK

Sterke namn Ane Dahl Torp spelar ei av hovudrollene i serien. – Å få jobbe med skodespelarar ein ser opp til var lærerikt og fantastisk kjekt, seier debutanten Hove. Foto: Privat

Nyhende

Det er ikkje så veldig lenge sidan ho tok imot applaus på sommarrevyscena og kulturhusscena i Stryn. Eller muntra opp kundane i frisørsalongen med sin lette tone og gode latter. Men i byrjinga av mars skal 25-åringen frå Jutedalen i Hornindal delast med langt fleire. Då vil mest truleg hundretusenvis av TV-sjåarar oppleve henne i ei sentral rolle i NRK-dramaserien Heimebane. Ein serie om Norges første kvinnelege fotballtrenar for eliteserien, om livet hennar og laget ho kjem til. Med Ane Dahl Torp og John Carew i hovudrollene er nok dette ei satsing som vil bli lagt merke til.

Rebell og crazy

– Det er ei slags gru-gleding, fordi eg ikkje veit korleis det blir sjåande ut. Og så er det jo min første opptreden på nasjonal TV, så det er rart med det, det blir litt ekstra spenning då, smiler debutanten, som gestaltar rolla som Sissel Renate.

– Ho er ei 18 år gammal jente som er...kva skal eg seie...litt rebell og crazy på ein måte, seier Hove. Ho har enno ikkje sett opptaka, og vil mest truleg ikkje sjå noko av den ti episodar lange serien før den kjem på nett og TV. Men ho trur det gjekk greit, trass manglande erfaring.

– Eg føler eg fann karakteren. Når eg hadde mine scener så var det på ein måte ikkje Josefine men Sissel Renate som var der. Eg vart i ei boble. Noko av det som blei sagt var ikkje i manus ein gong, det berre kom ut av munnen min der og då - det var «ho som snakka». Så når regissøren sa «kutt» så fekk du litt sånn «wow, kva skjedde no egentleg?», ler ho. At karakteren hadde nokre likskapstrekk med henne sjølv, hjelpte også på i arbeidet.

– Ho er sånn som tør å seie i frå og ikkje pakkar inn så mykje, og det gjer ikkje eg heller.

Serien er spela inn i Oslo og Ulsteinvik, og dialekten til Hove sin karakter er mykje lik hennar eigen.

– Eg snakkar honndøl, men nokre ord måtte eg forfine litt.

– Eit fantastisk talent

Sidan dette var Hove sin profesjonelle debut, var det mykje nytt å ta til seg.

– Eg var så heldig å få jobbe med tre av dei fem regissørane i serien. Å få jobbe med profesjonelle skodespelarar som du ser opp til, var lærerikt og fantastisk kjekt. Alle var superhyggelege, og eg følte meg veldig velkommen.

Ein av regissørane er Cecilie Mosli, som kan vise til seriar som Frikjent, nyleg Grammy-vinnande Mammon og den amerikanske suksesserien Grey’s Anatomy. Når Fjordingen tek kontakt er ho full av lovord om Hove.

– Josefine er eit fantastisk talent og eit skjønt menneske. Ho tok oss med storm. Med hardt arbeid når ho dit ho vil, seier Mosli. Ho har stor tru på Heimebane, som ho skildrar som ein familieserie med humor, sting og varme.

– Eg håpar sjølvsagt at heile Norge skal like den og få ting å snakke om, i tillegg til god underhaldning, seier Mosli til Fjordingen. At Hove har gjort ein god jobb framfor kamera levnar det altså ingen tvil om. Lovnaden om vidare deltaking i sesong to underbyggjer også dei gode skussmåla.

– Det var heilt konge! Eg fekk mail om det onsdag. Tidenes beste start på 2018, jublar Hove.

Tøft studie i England

Ho er bokstavleg talt på veg ut døra heime i Jutedalen, etter ein tre veker lang juleferie, når vi møter henne. No går turen tilbake til England og skodespelarutdanninga ho starta på i fjor haust.

– Eg elskar å vere heime, og trengte denne ferien. Det har vore store innleveringar, fortel ho. Studiet har vore hardt og omfattande, men likevel som forventa.

– Eg var godt budd på det som venta og gjorde mykje research på kva det inneberer å gå på ein slik skule og det å bli skodespelar. Men vi har merka at mange ikkje var det og dei har slutta. Det handlar om mykje arbeid og detaljar.

No blir det å telje ned dagane fram mot seriepremieren, 4.mars.

– Det blir spennande å høyre kva venene mine tykkjer. Eg bryr meg nesten mest om det.