I januar går dei yngste speidarane i Stryn julebukk. Ikkje for å samle inn snop til seg sjølve, men pengar til hjelp for born i andre land. Sri Lanka er eitt av dei landa KFUK-KFUM-speidarane har hatt kontakt med i fleire år, mellom anna med å hjelpe til å starte speidararbeid der. Tsunamien råka Sri Lanka svært hardt som vi veit. KFUM har eit stort nettverk på Sri Lanka, med mellom anna 20 lokalforeiningar i dei aktuelle kystområda. Norske speidarar har dei siste åra vore på Sri Lanka og hjelpt til med å starte speidararbeid. Speiding passar godt fordi born med ulik bakgrunn kjem saman om aktivitetar som ikkje handlar om krig og konflikt, og dei må samarbeide for å løyse oppgåver. Julebukkaskjonen skal i år støtte den vidare utviklinga av speidarbeidet på Sri Lanka, og særleg viktig er det å også få jenter med. Dette arbeidet er ulvungane og meisene i speidargruppa i Stryn med på.