Måtte rydde i frontruta

Sjåføren av denne bilen måtte rydde i fronruta før han fekk køyre vidare.Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Fire trailersjåførar fekk forbod mot å køyre vidare før dei hadde rydda i frontruta. Det fortel Statens vegvesen etter ein kontroll ved Kjøs bru tysdag. Ein sjåfør vart og anmeldt fordi vedkomande er blitt stoppa for tilsvarande forhold tidlegare.

Kontrollen tysdag avdekte og eit mindre brot på køyre- og kviletid. Ein sjåfør fekk bruksforbod fordi lasta stakk to meter bak køyretøyet, utan at lasta var tilstrekkeleg merka. Ein sjåfør måtte sikre lasta betre før han køyrde vidare, ein sjåfør fekk gebyr for ikkje å ha med vognkort og ein fekk mangel på  grunn av skeivt slitne dekk.