Travel trommis

Trommeslagar på heiltid: Runar Netland er heiltidsmusikar på trommer og har mellom 15 og 20 aktive musikkprosjekt å forhalde seg til i kvardagen. No står platelansering for døra.Foto: Dag Bergset Ulvedal

Til saman er det 15–20 aktive prosjekt i kvardagen, i tillegg til studioarbeid, trommeelevar, 50 % stilling som musikalsk leiar i kulturprosjektet Majorstua Pluss og kapellmeisterjobb i Sandvika Teater

Nyhende

Musikar Runar Netland takkar oppveksten i Stryn for at han no driv med musikk på heiltid. Denne veka slepp jazzbandet Fretless Five med Runar Netland sitt første album. Du kan også høyre dei «live» i Spillerom på NRK P2 neste fredag.

Runar Netland er kjend for mange som både skiskyttar og dirigent for Sight Sing (Stryn Ten Sing), der han også var utøvande medlem i mange år.

Sidan han forlèt Stryn etter vidaregåande skule har han teke utdanning som trommeslagar ved Høgskulen i Staffeldtsgate (Oslo), og jobbar no som frilans musikar i Oslo med mange ulike band, studio, inn-spelingar og prosjekt.

Utspring frå bachelorkonsert

No står platelansering for døra.

– Eg spelar slagverk og komponerer musikk til jazzkvintetten Fretless Five, som slepp debutalbumet førstkomande fredag. Vi reiser også på ein omfattande norgesturné frå januar til mars, fortel Runar til Fjordingen.

Fretless Five har sitt utspring i Runar sin avsluttande bachelor-konsert på NLA Høgskulen i Staffeldsgate, Oslo, der han var ferdig i vår.

Albumet dei lanserer fredag er produsert av Markus Lillehaug Johnsen som m.a. har produsert utgjevingar med Maria Mena og Adam Douglas.

– Vi spelar «live» på NRK P2s Spillerom fredag, og har releasekonsert på Kulturhuset i Oslo 26. januar, fortel Runar.

– Det ligg vidare an til eit travelt 2018 med fleire jazzfestivalar og konsertar.

Fretless Five: Fretless Five er ein oslobasert jazzkvintett med Runar Netland, Henrik Lillehaug, Fredrik Svabø, Edvard Synnes og Martin Ulltang. Foto: Pressefoto

Avgjerande

– Kva har oppveksten din hatt å seie for valet om å satse på musikken?

– Oppveksten min i Stryn og musikktilbodet eg fekk der var nokså avgjerande for at eg fekk utfalde meg på fleire instrument og dyrke musikken. Med seks år i Ten sing i Stryn lærte eg mykje om musikk og sjangrar. Eg lærte meg fleire instrument, var dirigent, lærte mykje om musikkteori og fekk god oppfølging og mogelegheit til å prøve og feile, seier Runar.

– Så at eg no er heiltids trommeslagar i Norges kulturhovudstad kan eg takke mine ungdomsår i Stryn for, både Ten Sing, UKM, alle små og store bandprosjekt og kulturskulen!

Runar er fast trommeslager for artistar som Luke Faas, Marthe Wang, Coucheron, Aleks Grey m.fl.og er fast medlem i banda TÖDDEL, Fretless Five, Etterklang, Edvard Synnes Trio og Henrik Lillehaug Trio.

– Til saman er det 15–20 aktive prosjekt i kvardagen, i tillegg til studioarbeid, trommeelevar, 50 % stilling som musikalsk leiar i kulturprosjektet Majorstua og kapellmeisterjobb i Sandvika Teater.

Runar har øvingsrom og studio på Majorstua, og har hektiske dagar i vente.

– Denne våren er det, tillegg til mykje aktivitet med Fretless Five, albumslepp med Henrik Lillehaug Trio og Marie Løvås, albuminnspeling med Sisselmarie, Edvard Synnes Trio, Luke Faas og TÖDDEL, og ein travel sommar med festivalar i vente. Så det er nok å gjere på! seier den travle musikaren frå Stryn.