I brev til ordføraren i Hornindal greier Paul O. Tomasgard ut om bakgrunnen for at grensa går som den gjere mellom gardane på Maurset.

– Då Hornindal vart oppretta som eigen kommune att 1. januar 1977 vart grensene mellom Hornindal og Stryn slik dei hadde vore før samanslåinga i 1965. Etter Aalandsbøkene er det sagt at grunnen til at kommunegrensa har delt Maurset kjem av at garden først vart busett etter at skipreiegrensa mellom Eid og Stryn skipreie vart fastsett på 900-talet, skriv Tomasgard.

Desse gamle skipreiegrensene vart også lagde til grunn då ein delte inn i prestegjeld etter at kristendomen vart innført kring år 1.000. Slik også for Eid og Innvik prestegjeld. Desse grensene vart igjen grunnlag for kommunegrensene då desse vart oppretta i 1837.

– Då Hornindal vart eige prestegjeld og kommune i 1867 vart grensa den same i dette området. Dei to hovudbruka i Utigard på Maurset har alltid tilhøyrt Hornindal sokn og Hornindal kommune. Det eine hovudbruket i Inigard Maurset har alltid tilhøyrt Stryn sokn og kommune, skriv Tomasgard.