Den 37 år gamle glopparen kjem frå stilling som idrettskonsulent i Oppland fylkeskommune. Der har han jobba med å bruke idrett som ledd i regional utvikling og gjennom idretten bygge relasjonar mellom næring og reiseliv, går det fram av ei pressemelding frå Nordfjordrådet.

– Roger Aa Djupvik har klare ambisjonar for å engasjere ungdom og la ungdom ta del i regional utvikling. Dette er heilt i Nordfjordrådet si ånd når det kjem til å styrke regionen som heilskap og jobbe i lag. Då er det heilt avgjerande at vi har dei unge med oss, seier ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad, som har leia prosessen med tilsettinga, i pressemeldinga.

I tillegg til Leidulf Gloppestad har også ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad, rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, rådmann i Stryn, Rune Hovde og personalsjef i Gloppen Rita Lilletvedt vore med i gruppa som har tilsett Roger Aa Djupvik som dagleg leiar.

Djupvik har røynsler frå toppidretten både som utøvar og som tilsett i Norges idrettsforbund.

– Med Roger Aa Djupvik som dagleg leiar, i full stilling, vil Nordfjordrådet ha ei utviklingskraft vi tidlegare ikkje har hatt», seier ordførar i Vågsøy og leiar i Nordfjordrådet, Kristin Maurstad – Med Roger Aa Djupvik har Nordfjordrådet fått ein dagleg leiar med genuin interesse for å utvikle heile Nordfjord og med god kompetanse og bredt nettverk.

Roger Aa Djupvik tek til i stillinga 1. mai 2018.