Til liks med Kjøs krins er Bjørke inne i ein prosess der justering av kommunegrensa vert vurdert. Fleire ønskjer Bjørke ut av Ørsta kommune.

«Dersom Bjørke blir ein del av nye Volda:» er inngangen til dei ni punkta som er meir eller mindre lovnader knytt til asfaltering, vegutbygging, mobilnett, fiberutbygging og utvikling av bygdenæringane.

Det blir også gitt lovnader om at Grodås skal vidareutviklast som senter for kommunale tenester knytt til skule, barnehage, sjukeheim og lege.

Vidare vert det peika på at brannstasjonen og brannberedskapen på Grodås skal oppretthaldast, og det skal jobbast inn mot fylkeskommunen for betre offentlege kommunikasjonar i området.