Sjøaurebestanden i fylket har hatt ei negativ utvikling over lenger tid:

Ny fiskeforskrift ut på høyring

Loelva: I forskrifta som er ute på høyring er munningssona utanfor Loelva utvida slik at heile Engagrunnen vert innanfor grensa. foto: Harald VartdalFoto: Harald Vartdal

Nyhende

Med bakgrunn i den dårlege tilstanden for sjøaure i Sogn og Fjordane ønskjer Fylkesmannen å revidere forskrift om fiske utanfor vassdrag med laks og sjøaure.

Sjøaurebestandane i Sogn og Fjordane har over lengre tid hatt ei negativ utvikling, og elvar over heile fylket har reduserte gytebestandar av sjøaure., seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal og seniorrådgjevar John Anton Gladsø hos Fylkesmannen i eit brev som er sendt ut til m.a. grunneigarlag og elveeigarlag i fylket.

– Det er difor naudsynt å gjere grep for å sikre bestandane. Det er Miljødirektoratet som fastset fisketid for fisket etter laks og sjøaure, men på grunn av situasjonen har fleire lokale forvaltningslag freda sjøauren i eige vassdrag. Det er vidare

innført tiltak i fleire elvar for å auke ungfiskproduksjonen, og dermed smoltutvandringa av sjøaure, skriv Yndesdal og Gladsø, som fortel at Fylkesmannen vil ta opp med Miljødirektoratet om det er trong for å innføre strengare restriksjonar for å fiske etter sjøaure i enkelte vassdrag.

Med bakgrunn i tilstanden ønskjer Fylkesmannen no å revidere forskrifta om fiske utanfor vassdrag med laks og sjøaure og nedsenking av garn.

– I tillegg ønskjer vi å samle tre fiskeforskrifter til ei forskrift for å gjere regelverket lettare tilgjengeleg for brukarane. Dei to andre forskriftene som vert erstatta er forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Sogn og Fjordane og forskrift om fiske etter innlandsfisk i innsjøar med anadrome laksefisk (ferskvassfisk som regelmessig vandrar til havet og deretter tilbake til ferskvatn for å gyte) i Sogn og Fjordane. For desse to forskriftene er det berre foreslege mindre endringar, seier Yndestad og Gladsø.

I forskrifta er mellom anna dette føreslege:

• Fiske etter anadrome laksefisk frå land er berre tillate i den tide det er ope for sjøaurefiske i det strengast regulerte vassdraget innanfor. Dette er i samsvar med nasjonale reglar.

• Det er ikkje tillate å fiske anadrome laksefisk frå båt.

• Det er berre tillate å dorge etter marine fiskeartar i perioden 1. oktober til 1. mars.

• Det er ikkje lengre lov for yrkesfiskarar å fiske med not nærare grensa mellom elv og sjø enn 500 meter.

• Grensa for dei fleste utvida munningssonene er justert noko for å tilpasse utplasserte skilt. I tillegg er munningssona utanfor Loelva utvida slik at heile Engagrunnen vert innanfor grensa.

• Påbodet om nedsenking av garn er utvida til å gjelde alle maskevidder.