Tine byrjar denne veka å endre merkinga på sine produkt til "Best før, men ikkje dårleg etter".

– I første omgang vil mjølk, syrna mjølk, fløyte, juice, yoghurtpakkar og skulemjølk endre merking, og målet er at alle andre produkt blir merkte tilsvarande gjennom 2018, seier Tines direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar, Lars Galtung.

Tine-meieria begynner denne veka å bruke tilleggsmerkinga, og dei første produkta med den nye teksten vil vere i butikk frå og med neste veke.

Tine følgjer i fotspora til Q-Meieriene, som i fjor begynte å tilleggsmerke mjølkekartongane sine med "Best før, men ikkje dårleg etter".

– Matsvinn er ei stor samfunnsutfordring, og vi har felles interesse i å få ned matsvinnet i Noreg. Derfor er det veldig positivt at vi kan stå saman om felles merking, seier Q-Meierienes administrerande direktør Bent Myrdahl.

Også Prior begynte i fjor å merke egg med tilsvarande tekst.

(©NPK)