Med prosjektet «Made in Norway» vil Avinor løfte fram norske verdiskaparar frå heile landet. Om lag tusen bedrifter har registrert seg i Avinor sin «Made in Norway-portal» og såleis tatt del i konkurransen om ein tung marknadsføringspakke.

Ved Sandane Lufthamn tysdag fekk Loen Active og Visit Nordfjord overrekt prisen frå Avinor av Stryn sin eigen ordførar Sven Flo.

I tillegg til ein sjekk på 15.000 kroner betyr prisen mykje i marknadsføringsverdi, seier prisvinnaren sjølv.

– Det kjem plakatar av Via Ferata Loen på alle Avinor sine flyplassar framover. Fleire hundretusener av menneske vil sjå bilete av Via Ferrata dei neste vekene. Marknadsføringsverdien av dette betyr veldig mykje for oss, seier leiar av Loen Active, Erik Brendefur.

Mest delt og mest likt

Blant kriteria for prisen var evna til å formidle produktet sine eigenskapar og potensial. Grunngjevinga er at Via Ferrata Loen har blitt delt og likt flest gonger på sosiale medium.

– Via Ferrata Loen er innovativt, idéen er berekraftig og deira prosjekt gir ein positiv samfunnseffekt. Dei er «Made in Norway» seier Ina Eldøy, Markeds- og merkevaresjef for Avinor.

Fem andre regionale vinnarar vart og kåra av juryen med Innovasjon Norge og representantar frå samarbeidspartnarane Norge sitt forskingsråd, DOGA, Ferd, Abelia og Virke, samt Avinor sjølve. Avinor seier at dei er opptatt av å legge til rette for regional verdiskaping.

Mange bidreg til marknadsføringa

Erik Brendefur seier til Fjordingen at det er mange å takke for dette. All promotering av Nordfjord, med til dømes Visit Nordfjord og Loen Skylift, bidreg til at Via Ferrata lykkast i marknadsføringa på til dømes sosiale medium, forklarar Brendefur.

– Det delast voldsomt med bilete frå Nordfjord i løpet av ein sommar, og det heng sjølvsagt saman med den spektakulære naturen her. All marknadsføring frå gondolbana til Skåla spelar såleis på lag. Vi er berre eitt av trekkplastera, seier Brendefur.

Roger Oldeide

Via Ferrata Loen har blitt kåra til «Folkets favoritt», ein pris frå Avinor. Foto: Loen Active
Bilete frå Via Ferrata Loen er mest likt og delt blant om lag tusen bedrifter registrert i portalen «Made in Norway» i regi av Avinor. Foto: Jan Heggheim