I 2016 slutta Posten å distribuere post på laurdagar. Frå nyttår 2018 opphøyrde A-post, med den konsekvens at mange avisabonnentar rundt om i landet får avisa si minst ein dag forseinka. Denne veka sendte samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen ut på høyring det som vil bli endå meir dramatisk: Forslag om å redusere postdistribusjon til berre annankvar dag, i heile landet.

Rett nok seier statsråden at departementet vil opne for å påleggje Posten å tilby postboksar ved alle faste ekspedisjonsstader, der brev og pakker vil bli levert dagleg. Forslaget som er ute på høyring, betyr likevel, dersom det vert vedteke, eit betydeleg dårlegare tilbod til svært mange menneske.

Bakgrunnen for forslaget, er i følgje departementet ein formidabel nedgang i postmengde som blir distribuert. Sidan år 2000 er brevvolumet meir enn halvert, og fram mot 2025 vert det forventa ny halvering. Høyringsdokumentet som er sendt ut med svarfrist 6. april, gir ikkje mykje håp verken om ordinær postomdeling eller avisdistribusjon i regi Posten i åra som kjem. Departementet seier at det er stadig færre avisabonnentar som utelukkande les avisa på papir, og at utbygging av breiband gjer at papiravisa som eit middel for informasjon til befolkninga om aktuelle nyheiter er blitt eit supplement til nettaviser- og etermedier. Dette er mykje rett, men langt frå heile sanninga. Ein årsak til at stadig færre les berre papiravis, er sjølvsagt og at Posten sin distribusjon er blitt dårlegare.

Departementet har rett i at den digitale utviklinga går fort, og for avisabonnentar. Spørsmålet er om relativt styrtrike Norge skal ta seg råd til den «luksus» det er med postombering fem dagar i veka nokre år til framover. Ingen klarer å stoppe den digitale utviklinga. Men ein bør setje minst ein fot i bakken før Stortinget går til eit så dramatisk steg å redusere postombering til annankvar dag. Ei slik endring vil ha langt større konsekvensar enn berre å råke avisabonnentar.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør