På eitt år står smågnagarane for kring 30 prosent av alle skadedyrangrep. Prislappen passerer svimlande 50 millionar kroner.

– Ein skulle mest ikkje tru at det er sant, men når du ser bilete av kor mykje skadar ei rotte kan gjere, så må ein berre tru på det, seier informasjonsdirektør i If Jon Berge til NRK, om dei store skadane som smågnagarar påfører norske bygg gjennom året.

Visstnok har uvanleg mykje smågnagarar trekt innomhus i vinter. Ein mild og våt haust har gjort at musene har levd godt ute. No når kulda har kome trekker dei inn. Då kjem problema for huseigarane.

Ei mus treng berre seks millimeter opning for å komme seg inn. Då kan ho også formeire seg raskt om ho får leve i skjul. Ei mus kan få opp til ti kull i året og ho er ikkje kresen i matfatet.

– Dei kan ete på klede og tøy, treverk, isolasjon og leidningar. Dei klarar seg nesten utan drikke. I ein kjellar kan dei klare seg med det som finst av kondens på røyr, eller den fukta som er i treverket, seier skadedyrkontrollør Per Olav Erikstad til NRK.

Skadane blir kostbare og komplekse å rydde opp etter. Informasjonsdirektør Berge i If seier han har sett mange skader på over fleire hundre tusen kroner, og han oppfordrar folk til å sjå godt etter i hus og hytter.

Dersom ein først har fått eit museproblem, bør ein ta kontakt med fagfolk eller få tips på internett. I ekstremår, som i år, kan muse- og rottefeller ikkje få bukt med problemet aleine.

(©NPK)