Det har vore skapt eit bilete der det kan sjå ut til at der berre er ei lita gruppe unge vaksne på Bjørke som sende søknaden om grensejustering for Bjørke og Viddal.

Vi vil med dette korrigere biletet. Vi var folk i alle aldrar som ynskte at vurdering av grensejustering skulle gjennomførast av fylkesmannen i tråd med inndelingslova.

Bjørke er ei lita bygd med innbyggarar som har stort engasjement. Nettopp dette er det som har drive fram store og små saker til alle tider. Engasjementet må vi alle ta vare på. Det er dette som er drivkrafta i bygda.

Saker engasjerer og det er viktig å skilje sak og person. Uavhengig av utfall i denne saka skal vi som bur på Bjørke halde fram som gode grannar inst inne i Hjørundfjorden.

Jan Egil Finnes, Randi Line Finnes, Cecilie Rørstad, Bertha Saure, Einar Saure, Oddhild Saure, Jarle Myklebust, Bjarte Sellereite