– Dette var fortent, ein kjempeprestasjon. No fekk Anders betalt for å vere tolmodig.

Fannemel imponerte mange med sin tredjeplass i hoppveka, blant andre gamletrenaren Stig Seljeset.

– Eg er imponert over det Anders fekk til i hoppveka. Han har vore tolmodig med arbeidsoppgåvene han har hatt, og han har ikkje late seg stresse. Han har heller teke tida til hjelp, og ikkje teke snarvegar, seier Seljeset, som følgde spent med i alle hoppvekerenna:

– Eg sat og såg på, og eg talde tidelar i kvart renn. Det var utruleg spennande å følgje med! Seljeset trur at nettopp tolmodet er ein av grunnane til at Fannemel har hatt ei positiv utvikling i desember og januar.

Lovar godt

Stig Seljeset var trenaren til Anders frå han starta med hopp til han reiste til Lillehammer. Hoppa dei siste vekene og pallplasseringane meiner Seljeset lovar godt for resten av sesongen:

– Sjølvtillit er viktig i denne sporten, og det ser ut til at Anders har funne ut av det. Eg har god tru på at han kan gjere det godt i VM i skiflyging.

Og når skiflygings-VM startar neste helg i Oberstdorf så er Seljeset på plass for å følgje Fannemel «ringside».

– Vi er ein liten gjeng som reiser nedover. Vi satsar på at det går bra med Anders då og.

Les også: Historiske Anders (abonnent).

– Fenomenalt

Også Idar Nygård i fanklubben til Anders var høgt oppe etter at 26-åringen sikra seg ein plass på pallen samanlagt.

– Det var heilt fenomenalt. Dette er ein stor konkurranse, og eg trur ikkje alle heilt skjønar kor stort dette er. Det er små detaljar som avgjer, men eg har trua på Anders framover, spesielt i skiflyging. Eg ser allereie fram til VM neste helg, og til Vikersund i mars. Det ser ut til at han har funne tilbake til godformen no, seier Nygård.

Og når Raw Air-sirkuset kjem til Vikersund, ja då er fanklubben sjølvsagt på plass, forsikrar Nygård.

Lorentz Fannemel, søskenbarnet til Anders og trenar for hopprekruttar i Trøndelag, følgde med på hoppveka:

– Eg synest dette var veldig kjekt, og det var verkeleg stas. I VM trur eg Anders har gode mulegheiter, men her spelar sjølvsagt mange ting inn som er vanskeleg å føresjå. Vi får berre sjå korleis det går, seier Lorentz Fannemel.

Anders Fannemel ligg etter dei gode resultata i det siste på ein sjuandeplass i verdscupen samanlagt med 360 poeng.

Fanklubben til Anders Fannemel på plass i Vikersundbakken i fjor. Idar Nygård (nummer tre frå høgre) seier at dei også vil vere på plass i mars. Foto: Thomas Thaule
Stig Seljeset (t.v.), her på hoppsamlinga i Bjørkelibakken i romjula, gler seg til å sjå Anders Fannemel i VM i skiflyging i Oberstdorf neste helg. Foto: Thomas Thaule