Det vart tunge forhold for Anders Fannemel i første omgang i dagens verdscuprenn i skiflyging i Kulm.

- Skuffande, sa NRK-kommentator og tidlegare hoppkollega Johan Remen Evensen, etter at honndølen hadde landa på 188,5 m.

- Fannemel er ein offensiv hoppar som blir hardt straffa når det er litt tunge forhold. Det stemmer nok ikkje heilt teknisk heller i dette hoppet, sa Evensen.

Det vart likevel ein god norsk omgang, med Andreas Stjernen i leiinga etter eit hopp på 229 m, framfor Simon Amman, Sveits, 218 m og Peter Prevc, Polen, 219 m.

Anders Fannemel hadde marginane på si side og kom akkurat med til 2. omgang. Med eit hopp på 205 m avanserte han godt oppover finalelista og enda på 18. plass.

Daniel Andre Tande slo i finaleomgangen til med dagens lengste hopp, 240,5 m, og sørga dermed for dobbelt norsk på pallen, berre slegen av Andreas Stjernen, som vann rennet etter eit finalehopp på 226 m.

Simon Amman gjorde come back på pallen med 3. plass, medan Robert Johansson stadfesta den gode norske laginnsatsen med 4. plass, berre 9 tideler bak Amman.

Johann Andre Forfang var også innanfor topp 10 med ein 8. plass.

Det er nytt renn i Kulm i morgon.