Denne veka var representantar frå kommunale næringsapparat, næringslag, bondelag og private aktørar samla til idésmie i Hornindal.

Samlinga var eit ledd i forprosjektet Nye næringar på gamle tufter. Målsetjinga er å sikre eksisterande og utvikle nye arbeidsplassar innan natur- og kulturbaserte næringar, landbruk og reiseliv.

Det er Else Ragni Yttredal og Kirsti Indreeide frå selskapet Metafor som leier forprosjektet etter oppdrag frå Sunnmøre Kulturnæringshage.

Eit konkret mål med prosjektet er å etablere ei avdeling av Sunnmøre Kulturnæringshage i Smia i Hornindal. Næringshagekonseptet er kjent for mange frå før, og kulturnæringshagen byggjer også til ein viss grad på dei same prinsippa, men då ei meir reindyrking av dei natur- og kulturbaserte næringane. Ved Smia ønskjer ein å få på plass to årsverk som mellom anna skal bidra med søknadshjelp, vere ein kontakt inn mot virkemiddelapparatet, legge til rette for kursing og leie ulike fellesprosjekt.

– Det skal vere ei nedanfrå og opp tilnærming –ta tak i det som er der og vere tett på dei ein skal hjelpe. Det skal vere både individuell oppfølging og fellestiltak, seier Ytterdal.

Finansieringa av ein slik næringshage er tenkt henta frå samarbeidskommunane, fylkeskommune, prosjektmidlar, samanslåingsmidlar og næringshagemidlar. Ein av deltakarane på samlinga stilte spørsmål ved kor forpliktande kommunane har gått inn i prosjektet, men her måtte Yttredal vedgå at det enno var eit større lerret å bleike.

– Vi har ikkje fått jobba systematisk og fått dette inn i dei kommunale budsjetta og manglar ein «go» frå alle kommunane. Vi må få avklart om alle vil vere med i eit hovudprosjekt, var svaret frå henne.

– Steg vidare

På samlinga tysdag var det via stor plass til gruppediskusjonar om kva aktørane ønskjer å få ut av ein slik hjelperessurs som kulturnæringshagen skal vere, og kva fellestiltak og prosjekt som bør prioriterast.

Oppsummeringa av gruppediskusjonane synte at det var mykje dei same ønskja som gjekk att. Mellom anna såg dei fleste det som viktig at det blir gjort ei grundig kartlegging av bedrifter og ressursar i det aktuelle området. Vidare var hjelp til søknader og kartlegging av søknadsordningar, kopling av aktørar, kartlegging av marknadsmulegheiter, hjelp til administrative oppgåver, tilrettelegging av studieturar og mentorordning noko som fleire tok opp.

Vararordførar i Volda, Fride Sortehaug, deltok på idésmia, og ho sa seg nøgd med dagen.

– Eg føler at vi no er komne eit godt steg vidare, og har fått knaggar å henge prosjektet på.

Forprosjektet Nye næringar på gamle tufter blir leia av Else Ragni Yttredal (t.h.) og Kirsti Indreeide i Metafor. Foto: Roy Aron Myklebust