Eit nytt forslag om meir profesjonelt brannvern i kommunane, kan koma til å skapa problem for små kommunar.
Ein brannstudie frå 2013 viser ifylgje NRK at heile to tredelar av dei 264 brannsjefane her i landet var deltidstilsette med ansvar for lovpålagde oppgåver.
Men no føreslår Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap at det må tre kvalifiserte personar i heil stilling til for å leia brann- og redningstenesta i kommunane. Forslaget byggjer på rapportar frå ei rekkje storbrannar dei seinare åra.
– Det er heilt utenkjeleg at vi skal klara dette åleine, seier ordførar i Stranda kommune Jan Ove Tryggestad (Sp) i ein kommentar til NRK.
Kommunen har ein brannsjef i full stilling, medan resten av brannvesenet er basert på deltidsteneste.
Direktoratet meiner løysinga er at kommunane samarbeider om brannvern. Ordførar i Ålesund Oddvar Myklebust meiner derimot dette kan bli ei utfordring i samband med kommunesamanslåing og kommunar som har valt å stå åleine.
(©NPK)