To vart melde, ein fekk bruksforbod

Nyhende

Statens vegvesen hadde fredag kontroll med hovudfokus på lette køyretøy i Stryn. Totalt vart 200 køyretøy kontrollerte. To førarar vart melde, den eine for manglande førarrett, den andre på grunn av last på tilhengar som dekka alle baklys. Det vart også utskrive eitt bruksforbod på grunn av manglande sikt, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Elles vart det ilagt to gebyr for manglande bruk av bilbelte og to gebyr for manglande medbrakt vognkort, ein vart anmeldt for manglande førarrett, ein vart anmeldt fordi lasta på tilhengaren tildekte alle baklys.