Det måtte ein bøar til for å sette ein stoppar for verdscupleiar Fourcade si sigersrekkje.

Bø-brørne imponerte begge under dagens fellesstart i skiskyting i Rupholding.

Både Johannes og Tarjei skaut fullt hus i dei tre første skytingane og låg i tetklynga, der også den franske verdscupleiaren låg fram til tredje skyting. Der fekk Martin Fourcade to bom, noko som Johannes Thingnes Bø utnytta godt og skaffa seg ei solid leiing ved å gå knallhardt mellom 3. og 4. skyting. Men Fourcade hadde ikkje tenkt å gje seg, og tok opp jakta etter sine to bom.

Og som Johannes han sjølv sa til NRK etter løpet:

– Det er ikkje artig å gå med Fourcade bak deg!

På siste skyting vart det ein bom på kvar av Bø-brørne, og Johannes gjekk ut 17,6 sekund framfor Fourcade på sisterunden. Sjølv om franskmannen sette opp eit forrykande tempo og gjekk styggfort bak han, heldt Johannes hovudet kaldt, gjekk taktisk klokt og kunne gå i mål til siger.

– Eg var stiv i siste bakkane, men gjorde smart i halde farten oppe over toppane, forklarte han til NRK rett etter løpet, der han la til at han var veldig glad for denne sigeren.

– Verdas beste kjensle! slo han fast, og la til at det var utruleg kjekt å gå framfor eit så stort norsk publikum (det var snakk om at det var 3.000 nordmenn på stadion i Rupholding).

– Vi er ekstremt heldige som har så stor interesse for idretten vår, sa Johannes Thingnes Bø.

Storebror Tarjei gjekk inn til ein solid femteplass, bak eit kobbel på tre franskmenn: Martin Fourcade, Guigonnat og Fillon Maillet.