Då Marit Steinsåker fekk kreft, byrja ho å gå turar. – Eg har aldri likt å trimme, men no forstod eg at eg måtte, seier ho. Og etter kvart har det blitt svært viktig for både kroppen og sinnet å kome seg ut. 100 setrar i Stryn kommune har ho besøkt sidan ho vart sjuk første gongen.

Marit Steinsåker frå Blakset fekk i 2012 vite at ho hadde eggstokkreft, og vart operert i november same året. I rekonvalesenstida skjønte ho at ho måtte byrje å bevege seg for å trene opp kroppen.

– I utgangspunktet er eg av dei som trivst best i stolen med strikketøyet. Eg likar ikkje å trimme. Men no innsåg eg ganske kjapt at eg var nøydd, seier ho.

Var litt ”stor i kjeften”

Resultatet var at ho byrja å gå tur. Setrane, støylane, vart etter kvart eit mål. Det var lettare å motivere seg då.

– I ein prat med sjefen min ved Vikane Omsorgssenter sa eg at eg skulle gå på alle støylane i heile kommunen. Då eg kom heim, byrja å sjå på kartet og hadde lånt setrebøkene til Kjell Råd på biblioteket skjønte eg at eg hadde vore litt ”stor i kjeften”. Ikkje i min villaste fantasi hadde eg trudd at det var over 100! seier Marit.

Turane var svært forsiktige i starten.

– Eg vart heilt nedkøyrd av cellegiftbehandlinga, og greidde ikkje å gå inn til naboen ein gong, seier Marit.

Men då cellegiftkurane var ferdige, starta ho på setrane for alvor.

I 2014 måtte ho gjennom ein ny operasjon, og vart sett tilbake ein del fysisk. Men framleis gjekk ho systematisk til verks for å besøkje alle setrane i kommunen.

Laga bok: Marit har fått laga seg si ei eiga bok med bilde frå fjellturane sine.

Sjukdomen slo tilbake

I 2016 kom meldinga ho aller minst ønska seg: Det vart oppdaga spreiing av kreften til lymfesystemet. Det var eit skikkeleg tilbakeslag. Ny cellegiftbehandling venta. No går ho til kontroll kvar 4. månad.

Men sjølv om det var tøft fysisk gav ho ikkje opp støylsprosjektet.

– Det butta ein del imot, særleg når eg byrja oppi Oldedalen på desse bratte plassane. Det vart ein del tårer og mindre pene ord, det må eg innrømme! seier ho.

Men opp kom ho, og no har ho besøkt 100 av dei alt 102 setrane. Bok har det blitt også, ei eiga fotobok om turane.

– Kvifor ikkje dei to siste?

Frå boka til marit: På veg til Murisetra i Olden.

– For å sleppe å kome i avisa! Det var ei som sa ho skulle tipse Fjordingen når eg hadde vore på alle, ler Marit.

På den eine av dei to er det ingen bygningar heller, på den andre er det berre ein mur.

Oppdagar dei små detaljane

Turane har blitt ein del av livet hennar no.

– Same kor dårleg eg er så kjem eg meg ut, om det så berre er eit lite stykke. Når du går gjennom sjukdom på denne måten får du eit heilt anna syn på livet. Du legg mykje meir vekt på ting du ser i naturen, oppdagar dei små detaljane. Eg har aldri brydd meg om det før, men no har naturen på eit vis blitt ein del av meg, seier ho.

Frå boka til marit: Hestehytta i Innvik.

Marit har hatt ektemannen Svein Søreide som turfølgje på mange av turane.

– Eg hadde ikkje klart dette utan han. Han har bore sekken med mat og slikt og gjeve meg eit puff av og til for å få meg ut, seier ho.

Ho har også hatt turfølgje av både slekt og vener.

– Det er mange som har følgt meg, og ære vere dei for det. Det hadde vore tungt utan, seier ho.

Galdhøpiggen

Cellegifta har teke hardt på kroppen. Ho slit med pusten og har mykje muskelsmerter. Styrken i musklane og balansen har også vore svekka på grunn av cellegifta.

Frå boka: Å gå turar, korte eller lengre, har vorte ein viktig del av Marit sin kvardag i kampen mot sjukdommen.

– Men no håpar eg at eg er ferdig med cellegift. Ein ting er i alle fall sikkert, eg hadde ikkje vore der eg er i dag om eg ikkje hadde hatt turane, seier ho.

Det har ikkje berre vorte setreturar. Galdhøpiggen har vore eitt av måla. Og dit kom ho – nesten. På grunn av dårleg ver måtte reisefølgjet snu 200 m frå toppen. Målet er å prøve igjen.

– Eg må også få skryte litt av Bodil Dybevoll og nettstaden hennar, Nytnaturen.no, seier Marit. – Der har eg funne mange fine idéar til turar også utanom kommunen.

Viktig å ha noko å sjå fram til

Det nye synet på livet ho har fått etter at ho fekk kreft, og ikkje minst etter at det vart oppdaga spreiing, har også ført til at ho kjenner det er viktig å få gjort ting ho har hatt lyst til lenge.

– Så når eg har orka og har hatt krefter til det, har eg reist, for tel Marit, som har besøkt Preikestolen, vore to veker i Nordland, sett julegatene i London, vore på Tenerife med sonen og barneborna og vore på konsert med Bruce Springsteen, ting som alle har vore på hennar ”bucket list”.

frå boka til marit: På Faleidsstøylen.

– Det gjeld å ha noko å sjå fram til også. Ikkje berre sitje i stolen og tykkje synd i seg sjølv, seier Marit.

Meister i sjølvironi

Naturen vender ho heile tida tilbake til. Mellom anna ut til havet, dit turen har gått fleire gongar.

– Eg elskar kysten. Første gongen eg hadde kreft køyrde mannen min meg ut på Kråkeneset etterpå så eg skulle få oppleve havet og få regn og vind i håret, seier Marit, før det kjem ein karakteristisk Marit-latter:

– Regn og vind i håret, haha – eg hadde jo ikkje hår!

Marit Steinsåker er ein meister i sjølv-ironi og ler ofte. Det er fort gjort å gå i fella og tru at livet er greitt. Men kjappe replikkar og ein smittande latter betyr ikkje at det ikkje er tunge stunder.

Fått føle på kor skjørt livet er

– Humøret er veldig svingande. Det er tøft, både fysisk og psykisk, å ha kreft, seier ho enkelt.

– Det tek voldsomt på kroppen, og samstundes gjer det noko med tankane dine. Eg tenkjer at eg har fått føle på kor skjørt livet er. At det ikkje er sjølvsagt at du får leve til du blir gammal, seier Marit, og må ta ein liten pause før ho held fram.

– Men når du har dei svarte dagane, då er det i alle fall ein ting som nyttar. Det hjelper alltid å kome seg ut og gå seg ein tur!