Sjur Ole Svarstad, trenar for langrennslandslaget for kvinner saman med Roar Hjelmeset, har travle tider. No ventar også den oppgåva han set minst pris på: Uttak av OL-laget.

– Tour de Ski enda strålande med 1. og 2. plass til Heidi Weng og Ingvild Flugstad Østberg, er du elles nøgd?

– Det var desse to vi såg føre oss skulle vere med og kjempe i toppen samanlagt, og dette var nok det beste vi kunne oppnå denne gongen. Nokre vart sjuke og fall av undervegs, andre reiste heim for å førebu seg til NM med tanke på kvalifisering til OL og nokre stod over og var heime, også med tanke på OL. Så vi har fleire kort på hand!

Alt unnateke smørjing

– Kva har vore dine oppgåver under Tour de Ski?

– Faktisk det meste! Frå å køyre løparane til stadion og kjøpe inn mat, til å sjå på teknikk på treningsøkter og taktiske val i synfaringa av løyper. Og så handlar det om å vere støtte under renna, anten det er sekundering eller andre tilbakemeldingar. Så eg gjer faktisk det meste, med unntak av å smørje ski. Det skal eg ikkje skryte på meg!

Tett på

Sjur Ole Svarstad seier ein tour er spesiell, fordi det er så mange renn tett på kvarandre.

– Det blir litt annleis enn med verdscuphelgane, når det er ei veke imellom, seier han.

– I ein tour er det viktig at ting går veldig effektivt, slik at løparane får restituere seg så raskt som råd. Så vi må berre bistå der det trengst for at det skal fungere best mogeleg.

Jobbe med teknikk

– Korleis blir oppgåvene for deg og trenarkollega Hjelmeset fram mot OL?

– Det står framleis att nokre få uttaksrenn. For nokre er NM-distansane viktige. Så må vi ta ut eit lag som er best mogeleg, og deretter dreg vi på såkalla pre-camp før OL.

Nokre av løparane reiser då på høgdeopphald i Mellom-Europa, andre blir verande her heime.

– For min del kjem eg til å vere med dei som skal til Sjusjøen og trene der. Jobbe litt med teknikk og få nokre gode hardøkter, mest som ei vanleg treningssamling, seier Sjur Ole Svarstad.

Travelt: Sjur Ole Svarstad har travle tider. Frå Tour de Ski går det rett til NM, så ventar uttak av OL-laget og pre-camp med dei siste førebuingane før avreise til Sør-Korea.

Å ta ut laget er det kjedelegaste

– Er det vanskeleg å vere dei som avgjer kven som skal til OL?

– Å ta ut laget er det kjedelegaste med jobben vår. Det er alltid litt vanskeleg, og det er sjølvsagt dei siste plassane som er krevjande.

Svarstad seier trenarane brukar mykje tid på å tenkje igjennom kven som er best eigna til dei ulike distansane.

Luksusproblem

– I første omgang handlar det om å ta ut ein slagkraftig tropp, og så må ein sjå på utviklinga undervegs. Utover i meisterskapen er det nokre som skil seg ut og andre som ikkje er i like god form, seier Sjur Ole Svarstad, som legg til:

– Det er berre fire som får gå kvar øving, og vi har jo fleire enn fire som har medaljesjansar i fleire øvingar. Eit luksusproblem for oss, men kjedeleg for dei som ikkje får gå!

Første øving for langrenns-kvinnene er 15 km med skibyte 10. februar.