Norunn Holmøy-Wang er innbyggjar i Kjøs og ein av dei som er glade for vedtaket til departementet i saka om justering av kommunegrensa.

– Eg er glad for at det vart den avgjerda som det vart, seier Holmøy-Wang.

Ho peikar på tilknytinga ein har til Hornindal, og den korte avstanden ein i dag har til dei kommunale tenestene.

– Eg har aldri hatt noko ønskje eller behov om å justere, seier ho.

Fornøgde ungar

På spørsmål om korleis ho trur motsetnadane i området vil påverke vegen vidare, svarar Holmøy-Wang at dette vedtaket truleg vil gjere det enklare.

– Eg tenkjer det er lettare å halde fram når det ikkje var eit fleirtal for grensejusteringa. Det hadde nok vore vanskelegare dersom eit mindretal fekk bestemme. Det hadde blitt meir komplisert.

Ho fortel at den endelege meldinga om grensejustering også vart godt motteken blant dei yngre i husstanden.

– Ungane var veldig fornøgde. No kan dei halde fram på skulen som før. Dei har vore bekymra for om dei måtte reise lenger og få lenger skuledagar. Så det var jubel, seier Holmøy-Wang.