Veterinær i Hornindal, Jan Valheim, seier det har vore eitt tilfelle av BRSV i Hornindal før jul. Veterinær Charlotte Haukaas seier det har vore tre tilfelle av viruset i Stryn den siste tida.

– Det har vore nokre tilfelle av desse svært smittsame virusa både i Hornindal, i Stryn og på Eid, opplyser leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

Haukaas fortel at det nasjonalt arbeidast aktivt for å avgrense utbrot av virusa som gir smittsam diare og såleis redusert produksjon og kvalitet på mjølka.

– Det innførast betre rutinar og større grad av overvaking. Bryt det ut smitte ein stad så får alle relevante SMS om dette. Skal ein redusere utbrota av desse virusa, krev det litt omstilling frå bøndene, men eg erfarer at dette er ei omstilling bøndene er villige til å ta. Det er store økonomiske konsekvensar for bøndene om kyrne får redusert mjølkeproduksjon, forklarar Haukaas.