Regjeringa vil gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa innan 2025.  Motstandarane jublar, mens pelsdyrbønder fortviler.

– Det blir tatt sikte på å fremje ein lovproposisjon til Stortinget om forbod mot pelsdyrhald med ei avviklingsperiode for eksisterande produsentar fram til årsskiftet 2024/2025, heiter det i den såkalla Jeløya-plattforma.

– Eg trur ikkje vi hadde fått gjennomslag for ei avvikling av pelsnæringa utanfor regjering, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Venstre får skryt

Ikkje uventa haustar avgjerda jubel hos motstandarane av pelsdyroppdrett.

– Det er heilt fantastisk at Venstre har vist evne og vilje til å prioritere omsynet til dei aller svakaste – pelsdyr som lir i tronge bur. NOAH har kjempa i 28 år for dette, og vi er utruleg glade for at politikarane endeleg høyrer på veterinærfagleg råd og opinionen i denne saka, seier leiar i NOAH, Siri Martinsen.

Både Erna Solberg og Siv Jensen seier til NTB at avviklinga av pelsdyrnæringa var ein av dei vanskelegaste sakene for dei å svelge.

Fortvilte oppdrettarar

Blant dei som er skuffa, er mange pelsdyrbønder.

– Dette er veldig alvorleg, og vi er svært skuffa over å bli ofra på denne måten, seier styreleiar i Norges Pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem, til NRK.

På landsbasis er opp mot 200 pelsdyrbønder, ifølgje kanalen.

– Siste ord er definitivt ikkje sagt i denne saka. No skal vi legge ein plan, og har håp om at vi skal klare å komme oss rundt dette, seier han.

Kompensasjonsordninga for dei som driver med pelsdyr, skal bli greidd ut og klare i 2018, ifølgje regjeringa.

(©NPK)