Administrasjon i Volda er positive til at elevar frå kommunen får gå ved Hornindal skule.

– Oppvekstsjefen i Volda har den seinare tid fått spørsmål om moglegheita for skuleplass i Hornindal for elevar busette i Volda kommune, eller foreldre som ønskjer å busette seg i Volda kommune, står det i sakspapira til tenesteutvalet for kultur og oppvekst.

I Volda kommune vert søknader om å gå på annan skule enn nærskulen til vanleg innvilga viss det ikkje påfører kommunen ekstra kostnader.

– I lys av at Volda og Hornindal har ein intensjonsavtale om at Austefjord og Hornindal skal utgjere ein skulekrins frå 2020 – når Volda og Hornindal vert slått saman – ser administrasjonen at det kan vere naturleg at søknader frå føresette som vurderer det som best for sine barn å byrje eller halde fram ved Hornindal skule, får sine søknader vurdert på same måte som søknader om å gå på annan skule enn nærskulen. Overgangar kan vere kritiske tidspunkt for barn i barnehage og skule. Det er uheldig viss elevar må avbryte eit påbyrja skuleløp grunna flytting over ei kommunegrense som snart er historie. Det vert vurdert som eit førebyggande tiltak at elevar som har byrja på skulen i Hornindal får halde fram der, står det i saksutgreiinga.