Volda sjukehus gjev raskast hjelp ved hjerneslag. Det vert slått fast i ei gransking gjort av avisa VG.

Det var onsdag granskinga vart presentert i avisa.

Gjennomsnittleg i landet får 42 prosent av dei som vart råka sjukehusbehandling innan fire timar etter dei fyrste symptoma.

Raskast i heile landet

I nedslagsområdet til Volda sjukehus vert det reagert raskast i heile landet.

Granskinga syner at 71,7 prosent av pasientane kjem under behandling innan fire timar etter symptomdebut, heiter det i VHG.

Dette er desidert best i landet.

På topp på statistikken: Volda. Faksimile frå VG

Verst i Oslo

Vidare er det pasientar i nedslagsområda til sjukehusa i Vesterålen, Stavanger og Flekkefjord som kan håpe på raskast mogleg behandling.

Det står verst til i Oslo, Notodden, Kirkenes og Orkdal. I Orkdal er det berre 18,8 prosent av pasientane som kjem til behandling innan fire timar etter at symptoma vart oppdaga.