Dette vert halde fram som ein av dei store sigrane for Venstre under regjeringsforhandlingane, men landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) legg ikkje skjul på at han ser på dette som eit nederlag.

– Eg har gjennom mine to år i Landbruksdepartementet gjort alt eg kan for å etablere grunnlag for ei berekraftig utvikling for pelsnæringa. Eg reknar difor dette som det største tapet Frp gjekk på under regjeringsforhandlingane, seier Jon Georg Dale til

Møre-Nytt

.

Skuffa Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) tek avviklinga som eit nederlag. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Stryn og Ørsta blir råka

Stryn, Ørsta og Gloppen er blant kommunane som har ei slik næring. I Stryn er det pelsdyrnæring både på Flo og i Utvik.

– Venstre sentralt har kjempa for ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Er du nøgd med at pelsdyrnæringa no skal avviklast?

– Det er eit klart fleirtal i Venstre for å avvikle denne næringa, men dette er ikkje noko eg har vore pådrivar for, seier Torstein Tvinnereim (V) til Fjordingen.

Han legg til at sjølv om han er politikar for Venstre så er han ikkje samd med all Venstrepolitikk.

Synd Venstre har kjempa for avvikling av pelsdyrnæringa, men Torstein Tvinnereim meiner det er synd at dei som driv seriøst mister arbeidet. Foto: Roger Oldeide

Vil jobbe for skånsam avvikling

Landbruksminister Dale seier til Møre-Nytt at han vil gjere sitt til at avvikinga vert skånsam.

– Min jobb vert no å gjennomføre dette på ein måte som gjer at pelsdyrbøndene får tilstrekkeleg tid og kompensasjon i avviklingsperioden. Det vert krevjande for pelsdyrbøndene å omstille seg. Eg skal gjere det eg kan for å lette børa, seier Dale.

Landbruksministeren tok sjølv del i forhandlingane som no legg grunnlaget for ei blågrøn regjering.

– Eg er godt nøgd med regjeringsplattforma, men det er berre å erkjenne at eg gjerne skulle hatt ein annan konklusjon knytt til pelsdyr, seier Jon Georg Dale til Møre-Nytt.