– Ordførar Sven Flo har heilt rett i at redaktøren har teke parti på leiarplass i saka om grensejustering.

Det er óg redaktøren si oppgåve, av og til, å ta parti eller standpunkt, seier Fjordingen sin redaktør Bengt Flaten.

– Dei eg har teke parti for, er fleirtalet av dei som bur både på Maurset og i Kjøs. Frå første dag denne saka kom opp, har det vore redaktøren si meining at fleirtalet sitt syn måtte vinne fram. Hadde fleirtalet i Kjøs gått for Stryn, ville redaktøren sjølvsagt støtta det.

Når innbyggjarundersøkinga gav som resultat at fleirtalet i Kjøs vil bli verande i Hornindal, og av dei over 80 prosent av innbyggjarane under 40 år, ville det vore eit demokratisk problem dersom statsråd Jan Tore Sanner hadde landa på eit anna standpunkt. No har han gjort eit vedtak som samsvarar med fleirtalet både på Maurset og i Kjøs. Det er å ta lokaldemokratiet på alvor, seier Flaten.

– At ordførar Flo er skuffa, er greitt. Likevel bør han klare å skille sak frå sak og skille mellom sak og person. Redaktøren kan vere usamd med ordføraren i enkeltsaker. Det betyr likevel ikkje at han har mista all tillit til ordføraren. Om ein vinn eller tapar ei sak, må ein klare å gå vidare og respektere og forstå kvarandre sine roller. Media si rolle er blant anna å vere korrektiv til maktapparata i samfunnet, poengterer Flaten.