Statens vegvesen gjennomførte to tungtransportkontrollar ved Kjøs bru måndag. I begge kontrollane vart det påvist manglar.

I den eine kontrollen fekk ein førar køyreforbod og eit gebyr på grunn av manglande kjetting, ein tilhengar vart avskilta for manglande oppfølging av kontroll, ein førar vart meld etter fleire brot på køyre- og kviletidsreglane, og ein førar fekk bruksforbod for sikt. To førarar fekk advarsel for feil bruk av fartsskrivar.

I den andre kontrollen fekk to sjåførar advarsel for mindre brot på køyre- og kviletida, og ein fekk bruksforbod for å ha gjenstandar i siktsona. Vedkomande fekk ikkje køyre vidare før forholdet var retta.

To sjåførar fekk gebyr for dekk med mønsterdjupn under minimumsgrensa, og desse måtte køyre til næraste verkstad for å skifte dekk før dei kunne fortsetje transporten.