Miljødirektoratet har ein eigen strategi mot marin forsøpling, og samordningsprosjektet på Vestlandet er ein del av oppfølginga av denne.

– Vi vil ta ansvar og arbeide for å rydde opp i forsøplinga av kysten og havet. Biletet av kvalen med buken full i plast viser tydeleg kvifor det må gjerast noko. No tek Vestlandsrådet grep, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane og avtroppande leiar for rådet, Jenny Følling, i ei pressemelding.

Vestlandsrådet er sett saman av dei fremste fylkespolitikarane frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Prosjektet mot marin forsøpling skal byggje på fleire pilotprosjekt knytte til rydding i strandsone, kartlegging/rydding av sjøbotn og førebyggjande arbeid.

– Det er på tide å ta eit samla koordineringsansvar for større tiltak retta mot marin forsøpling langs heile vestlandskysten. Alle fire fylkeskommunane må derfor utvikle eigen spisskompetanse innan prioriterte innsatsområde og tema for å kunne ta ei slik leiande rolle i arbeidet, seier Følling.

Men Vestlandsrådet meiner det ikkje er nok å satse på reinskingstiltak og tettare samarbeid på Vestlandet, og vil difor også setje temaet på den politiske dagsordenen nasjonalt.

– Slik kan vi sikre nødvendige prioriteringar og ressursar til dette viktige arbeidet. Vestlandsrådet vil også medverke til at temaet blir følgt opp i internasjonale forum, seier Følling.