21. mars barkar det laust i den første kvalikrunden til NM-cupen. Stryn møter Volda borte.

- Det er ein spennande motstander og greit å møte eit lag utanfor fylkesgrensa. Vi møtte dei i cupen i fjor, då blei det tap, så passer bra å møte dei igjen å få mulegheit til å revansjere det, seier strynetrenar Geir Inge Rake.

Oppsettet viser elles at Eid får heimeoppgjer mot Førde, Fjøra møter Årdal og Vik møter Norhordaland borte.