(Møre-Nytt) Helseføretaket inviterte dei tilsette til dialogmøte om utviklingsplanane til Volda sjukehus tysdag. Tre ulike scenario om utbygging ved sjukehuset vart presentert og drøfta. Alternativet dei tilsette ser som mest ønskeleg vil gje utbygging på om lag 3.500 kvadratmeter.

– Eit nytt sengebygg byggjast over parkering på nordsida av eksisterande bygg. Bygget får to etasjar med sengepostar med totalt 56 nye ein-sengerom. Føde/barsel på plan 3 skal behaldast. Sengeareal i eksisterande bygg vert frigjort i plan 3 og 4 gjev plass til dagbehandling, poliklinikk og endoskopi, heiter det i presentasjonen.

Forslaget gjev moglegheiter for at akuttmottaket får auka areal til observasjonspost ved å ta areal frå poliklinikk på plan 1. Laben vil og halde på plasseringa si.

Viseadministrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Helge Ristesund seier dialogmøtet var svært konstruktivt.

– Innspelet vi fekk er eit av fleire før det endeleg skal konkluderast. Møtet var veldig konstruktivt og med stort engasjement, seier Ristesund.

Denne saka vart først publisert på Møre-Nytt