Venstre i Sogn og Fjordane har i dag fått utnemnt to statssekretærar, Sveinung Rotevatn, Eid og Atle Hamar, Jølster.

Regjeringa melder at Sveinung Rotevatn vert statssekretær for statsråd Sylvi Listhaug i Justis- og beredskapsdepartementet, og Atle Hamar vert statssekretær for statsråd Ola Elvestuen i Klima- og miljødepartementet. – Det er veldig gledeleg at vi har fått desse to i viktige roller i regjeringa, og ønskjer dei lukke til, seier fylkesleiar Gunhild Berge Stang i ein kommentar på Venstre si nettside.

Atle Hamar vert statssekretær for Ola Elvestuen i Klima- og miljødepartementet. Foto: Arkivfoto

I tillegg skal glopparen Kjartan Almenning vere på veg inn i regjeringa som politisk rådgjevar.