Frå 1. august 2017 har elevar kunne melde mobbesaker direkte til Fylkesmannen. Ved årsskiftet hadde Fylkesmannen ferdigbehandla ti saker og har to til inne til behandling. Fylkesmannen stadfestar at nokre av desse kjem frå Nordfjord.

– Vi kan stadfeste at vi også har mobbesaker frå Nordfjord, seier Vange på spørsmål frå Fjordingen.

– Kva slags saker er det snakk om?

– Det som går att er situasjonar som vert opplevde som trakassering, dårlege relasjonar mellom elev og lærar eller mellom elevar, seier utdanningsdirektøren, som legg til at dei fleste av meldingane ikkje gjeld systematisk mobbing over tid.

Manglande tillit

Vange seier til Fjordingen at ein del tilfelle gjeld saker der det har vore «gått nokre runder» lokalt, slik at det er manglande tillit mellom partane.

– Desse er sjølvsagt krevjande å løyse. Men det aller viktigaste er at eleven skal ha eit trygt og godt skulemiljø, seier utdanningsdirektøren.

Det er i hovudsak føresette som melder inn sakene.

Har rettleia om korleis ein skal gå fram

Ordninga med at elevar og føresette kan melde mobbesaker direkte til Fylkesmannen vart innført i august sist år, og ein ser no at det har vore ein auke i registrerte saker og meldingar i 2017.

– Vi har i tillegg til melde saker også fått ein del telefonar og henvendelsar der vi har rettleia om korleis ein skal gå fram i ei sak. Det er også visse kriterium for kven som kan melde ei sak, men det betyr ikkje at andre ikkje kan ta kontakt med oss for å få råd, rettleiing eller ta opp kritikkverdige forhold, seier Vange.

Grunnlag for tilsyn

Fylkesmannen har også fått fleire henvendelsar som t.d. gjaldt elevar sitt skulemiljø.

–I desse tilfella har vi rettleia og i nokre tilfelle også følgt opp mot skuleeigarar. Meldingar som vi får inn vil også utgjere ein del av vårt grunnlag når vi vel kommunar og skular vi skal føre tilsyn med, opplyser utdanningsdirektøren.

Ifølgje regelverket pliktar alle som arbeider i skulen å følgje med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og gripe inn mot krenking dersom det er mogleg. Tilsette skal varsle rektor og skulen skal snarast undersøkje saka.

Skriftleg plan

Ifølgje Fylkesmannen skal skulen, så langt det finst eigna tiltak, sørgje for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Involverte elevar skal få gje uttrykk for sitt syn, og kva som er best for dei skal vere eit grunnleggjande omsyn i skulen sitt arbeid.

– Skulen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. Skulen skal òg dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta. Når Fylkesmannen får ei melding om at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, skal vi avgjere om skulen har oppfylt aktivitetsplikta, dersom vilkåra for å behandle meldinga som ei sak er til stades. Vi kan også bestemme eigna tiltak dersom vi finn at det er naudsynt for at eleven skal ha det bra på skulen, seier Vange.

- Eleven skal bli høyrd

I fleire av sakene Fylkesmannen har behandla har ikkje eleven sjølv kome godt nok til orde.

– Vi skal i desse sakene sørgje for at involverte elevar får gitt uttrykk for sitt syn, og det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn i vår saksbehandling, seier utdanningsdirektøren.

– Eleven kan i tillegg til å kaste lys over saka, ha gode framlegg til eigna tiltak.

Vange seier at i fleire av sakene Fylkesmannen har behandla i haust har eleven si stemme ikkje kome godt nok fram i dokumentasjonen Fylkesmannen har bede om frå skulane.

– For å sikre nettopp dette har vi i nokre saker tilrettelagt for samtale med elevar gjennom tillitspersonar lokalt, eller ved at tilsette hos oss reiser ut og snakkar med elevane, seier Vange.

Har brote aktivitetsplikta i halvparten av sakene

Av sakene som vart melde direkte til fylkesmannen etter at den nye ordninga tok til å gjelde 1. august, har det blitt konkludert med at skulen har brote aktivitetsplikta i halvparten av sakene så langt.

Behandla saker 01.08.- 31.12. Fylkesmannen som førsteinstans

- Avvist hos Fylkesmannen: 4 saker

- Fylkesmannen finn at skulen

har brote aktivitetsplikta: 6 saker

- Saker under behandling hos Fylkesmannen ved årsslutt: 2 saker

Behandla saker som klageinstans tre siste år

- 2017 – første halvår 9

- 2016 - 2

- 2015 - 11

Fylkesmannen er også klageinstans for enkeltvedtak i grunnskulen. Blant anna behandlar Fylkesmannen klager på vedtak om spesialundervisning, skyss, og fysisk og psykisk skulemiljø.

Dersom elevar eller føresette vil klage på eit kommunalt vedtak der Fylkesmannen er klageinstans, skal klagen sendast til kommunen. Kommunen behandlar då klagen og sender saka vidare til Fylkesmannen dersom kommunen ikkje endrar vedtaket sitt.